Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
17.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5951945Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har DU lyst å bli vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord og Førde Omsorgssenter!
Vi har fleire spennande stillingar som sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar ledig frå januar 2025.
- 4 stillingar som sjukepleiar/vernepleiar - 100% fast stilling
- 4 stillingar som helsefagarbeidar - 100% fast stilling
Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre avdelingar held til her; korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.
Vi ser etter deg som ynskjer å jobbe på ein spennande og lærerik arbeidsstad, ilag med ein gjeng kjekke kollegaer. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna til å søke. Du vil garantert lære mykje!
Vi søker deg som
- er engasjert og kan jobbe sjølvstendig
- fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- har gode norskkunnskapar
Vi tilbyr
- systematisk fagleg utvikling med tilbod om interne og eksterne kurs
- spennande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- everrfagleg samarbeid
- valfri turnus; langvakter eller ordiner todelt eller tredelt turnus
- god opplæring og oppfølging
- trivelege lokale
- kantine
- lønn med rekrutteringstilskot
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Sjukepleiar/Vernepleiar
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til fagutvikling i samhandling med dine kollegaer
- Bidra med rettleiing, undervisning og opplæringstiltak av tilsette, inkludert elever/studentar/lærlingar
- Utføre sjukepleiarfaglege oppgåver i tråd med gjeldande krav til kvalitet
- Rettleie og informere bebuar, pårørande og kollegaer
- Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- Direkte pasientretta arbeid
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Engasjement for somatikk, eldreomsorg og fagutvikling
- God kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg,
- Norsk språkkunnskap tilsvarande C1
- Samhandlingskompetanse
- Godkjent politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar:
- Positiv og engasjert sjukepleiar med interesse og kompetanse i alders-somatikk
- Fokus på personsentrert omsorg i utøving av sjukepleiefaget
- Løysningsorientert med stor gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
- God på samarbeid og det å gjere andre gode
- Omstillingsevne
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er sosial
- Du liker å jobbe i tverrfagleg team
Personleg eigenskapar vert vektlagde.
Helsefagarbeidar
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til fagutvikling i samhandling med dine kollegaer
- Bidra med rettleiing og opplæringstiltak av tilsette
- Rettleie og informere bebuar, pårørande og kollegaer
- Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- Direkte pasientretta arbeid
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- God digital kompetanse, inkludert god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem, CosDoc
- Dokumentert norskkompetanse tilsvarande B2
- Oppdatert innan eige fagområde
- Erfaring frå arbeid med eldre
- Ønskeleg med erfaring frå bruk av velferdsteknologi
Personlege eigenskapar:
- Gode evner til å koordinere og planlegge oppgåver
- Omstillingsevne
- Stor arbeidskapasitet, fleksibel og god arbeidsmoral
- Du liker å jobbe i tverrfagleg team
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er sosial
- God formidlingsevne og språkforståing
- Tolmodig og effektiv
- God relasjonsbygger
- Ærleg, raus og nysgjerrig
- Du ser moglegheiter der andre ser avgrensingar
- Du liker å hjelpe og å gjere andre gode
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Velkommen som søkar!
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
17.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5951945Look here for other jobs from Sunnfjord kommune