• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    14.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6578125
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli ein av dei engasjerte medarbeidarane våre og jobba i eit spennande team ? Vi  søkjer sjukepleiar/ vernepleiar til vikariat stilling på natt Sundheimen. Vikariatet er ledig frå 15.06.26 til 01.06.27

Om avdelinga

Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med tenester døgnet rundt. Vi har 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens.
I tillegg driv vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar.

Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse, med fokus på omsorg, tryggleik, behandling og palliasjon.

Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon.

 Arbeidsoppgåver
  • Gje heilskapleg omsorg
  • Utføra sjukepleiefaglege oppgåver på natt, inkludert palliativ pleie
  • Ivareta individuelle behov hos pasientane
  • Rapportera og dokumentera etter gjeldande rutinar og lovverk
  • Rettleia, undervisa og samarbeida tverrfagleg
  • Bruka og følgja opp velferdsteknologi
  • Halda deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  •  Utføra enklare laboratoriearbeid 
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar
Ønskjeleg kompetanse og eigenskapar
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Eevne til å jobba sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Gode ferdigheiter i samarbeid
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

 Anna:

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger per år

  Vi tilbyr

  • Mentorordning i system
  • Varierte sjukepleiefaglege oppgåver
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA‑verksemd
  • Gratis parkering og moglegheit for lading

 Kontakt :  

Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf. : 90076112

Einingsleiar, Janne Thode tlf.: 45044569

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    14.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6578125
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune