Ledigt jobb

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukepleiar - Øysteseheimen langtidsavdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me treng deg som er sjukepleiar!

  • Me søkjer sjukepleiar til ledig 100 % fast stilling
  • Oppstart etter avtale
  • Stillinga er for tida i turnus med arbeid 3. kvar helg eller 4. kvar helg (langvakter på 12,5 time).

Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i sentrum i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.

Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging
  • Medisinske prosedyrar
  • Koordinering av pleieplanar
  • Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
  • Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir dette lagt vekt på
  • God kommunikasjonsevner
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter

Personlege eigenskapar

  • Interesse for fagfeltet geriatri
  • Engasjert og positiv
  • Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • Ein arbeidstad i utvikling
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.