• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    11.02.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6508719
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Sjukepleiar med ressurssjukepleiarfunksjon i 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler kommune har no ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar med ressurssjukepleiarfunksjon ved sjukeheimen.

Som ressurssjukepleiar får du eit særskilt ansvar for oppfølging av pasientar med alvorleg sjukdom. Du vil bidra til å etablere, utvikle og implementere gode rutinar for denne pasientgruppa, samt vere ein viktig ressurs i intern kompetanseheving i kommunen. Det er sett av tid i turnus til ressurssjukepleiarfunksjonen.

I Fjaler kommune er det to ressurssjukepleiarar som samarbeider tett. Du vil også bli ein del av eit fagleg nettverk for ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Førde sitt føretaksområde, med deltaking på fleire årlege fagsamlingar.

Sjukeheimen har årsturnus over 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det er også mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg – denne ordninga er frivillig.

I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at tilsette skal få nye oppgåver og meir ansvar, og at sjukepleiarar på sikt får arbeide meir systematisk med sjukepleiarfagleg kompetanse. Samstundes ser vi på framtidige løysingar for teamarbeid i kommunen.

Vårt mål er å gi gode tenester til dei som treng det mest. Vi har varierte og spanande arbeidsoppgåver, både for nyutdanna og for deg med lang erfaring. Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg, er engasjert i fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ønskjer å bidra til at bebuarane våre har eit godt liv på sjukeheimen.

Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens, for å styrkje kompetansen innan dei ulike fagfelta.

Arbeidsoppgåver
  • delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåver blir utførte på ein smidig og god måte
  • sikre fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar.
  • medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og godt samarbeid med andre einingar
  • arbeide kunnskapsbasert
  • bidra til fagleg utvikling og forbetringsarbeid
  • tverrfagleg samarbeid.
  • vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar
  • autorisasjon som sjukepleiar
  • det er ønskjeleg med vidareutdanning i palliasjon. Dersom du ikkje har slik utdanning, må vidareutdanning takast innan to år. Kommunen legg til rette for vidareutdanning
  • sjukepleiarstudentar som er ferdige våren 2026 kan også søkje stillinga
  • politiattest samt godkjend MRSA- og tuberkulinattest må leggjast fram før tiltreding
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • engasjement for eldreomsorg
  • evne til både å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre
  • ansvarsbevisst
  • god kommunikasjonsevne
  • løysingsorientert og fleksibel
  • positiv og med godt humør

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr
  • introduksjonsprogram med fadderordning
  • løn etter utdanning og erfaring
  • kroner 35 000 i fast tillegg (alltid på topp)
  • Kroner 9 000 i tillegg for ressurssjukepleiarfunksjon
  • støtte og tilrettelegging for vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi at du søkjer! Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    11.02.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6508719
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune