Company
Fjaler kommuneApplication deadline
05.11.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6739381Look here for other jobs from Fjaler kommune
Fjaler kommune
Sjukepleiar i 80 % fast nattevaktstilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling for sjukepleiar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og blir ein del av eit fagleg fellesskap på tvers av heimetenesta og sjukeheimen.
Som sjukepleiar på natt arbeider du i team saman med to kollegaer. Du vekslar mellom arbeid på institusjon og i heimetenesta. Dette gir deg varierte arbeidsoppgåver og erfaring frå begge tenesteområda.
Du arbeider etter ein årsturnus over 52 veker med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er kl. 22.00–07.15.
Helse- og omsorgstenestene i Fjaler kommune er i utvikling for å møte framtidas behov. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med spennande faglege oppgåver og vere ein del av eit miljø som legg vekt på kompetanse og utvikling. Vi har etablert ressursgrupper på tvers av einingane innan mellom anna lindrande behandling og kreft, velferdsteknologi og demens. Her får du høve til fagleg utvikling, kompetansedeling og samarbeid med kollegaer på tvers av tenestene.
- Utføre heilskapleg omsorg og pleie.
- Kartlegge, vurdere og setje i verk målretta sjukepleietiltak.
- Tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling.
- Medikamenthandtering.
- Handtering av tryggleiksalarmar.
- Terminalpleie i heim og på institusjon.
- Ansvarsvakt på natt.
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar.
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane.
- Arbeide kunnskapsbasert.
- Bidra til auka fagleg utvikling.
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Sjukepleiarstudentar som er ferdige innan desember 2026, kan òg søkje på stillinga.
- Førarkort klasse B.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
- Gode samarbeidsevner.
- Sjølvstendig.
- God på kommunikasjon.
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.
- Engasjement for eldreomsorg.
Det blir lagt vekt på personleg eignaheit.
- Introduksjonsprogram for nytilsette.
- Fadderordning.
- Godt arbeidsmiljø.
- Løn etter utdanning og erfaring.
- Eit fast «alltid på topp»-tillegg på kr 35 000 per år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Etterutdanning innan satsingsområde.
Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
05.11.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6739381Look here for other jobs from Fjaler kommune
-
Sjukepleiar sjukeheim og heimetenesta
Sogndal kommune
Balestrand -
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun
Sogndal kommune
Balestrand -
Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta
Sogndal kommune
Leikanger -
Tilkallingsvikar til helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Helgestillingar 15% fast
Øygarden kommune
STRAUME