Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar, helsefagarbeidar og vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skei omsorgssenter er ein institusjon som består  av 3 avdelingar. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass. Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens.

Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass.

Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, og har integrert velferdsteknologiske løysingar.

Vi ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?

 

Vi har følgande stillingar ledige:

Sjukepleiar - fast 100 % stilling 

Vernepleiar - fast 100 % stilling

Helsefagarbeidar - fast 100 % stilling

Helsefagarbeidar - fast 80 %  stilling (tiltreding 01.01.2025) 

Helgestillingar for assistentar/studentar. Du kan velje mellom å jobbe 7.5  eller 12,5 timers vakter.

 

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

 

Vi søkjer deg som:

  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er engasjert og kan jobbe sjølvstendig - er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere
  • likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er ny-tenkjande og kreativ

 Personlege eigenskapar vert vektlagd

 

Vi kan tilby:

  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordninga
  • Ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefag stillingar i institusjon 
  • Moglegheit for alternativ turnus med langvakter
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må søke elektronisk. Oppgje i søknadsteksten kva stilling du søker på. 

Velkomen som søkar!