Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5907966Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar, helsefagarbeidar og vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skei omsorgssenter er ein institusjon som består av 3 avdelingar. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass. Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens.
Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass.
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, og har integrert velferdsteknologiske løysingar.
Vi ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?
Vi har følgande stillingar ledige:
Sjukepleiar - fast 100 % stilling
Vernepleiar - fast 100 % stilling
Helsefagarbeidar - fast 100 % stilling
Helsefagarbeidar - fast 80 % stilling (tiltreding 01.01.2025)
Helgestillingar for assistentar/studentar. Du kan velje mellom å jobbe 7.5 eller 12,5 timers vakter.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
- gyldig politiattest
- beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Vi søkjer deg som:
- er fleksibel og likar utfordringar
- er engasjert og kan jobbe sjølvstendig - er trygg på eigne avgjerder
- fungerer godt i team og har evne til å delegere
- likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er ny-tenkjande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordninga
- Ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefag stillingar i institusjon
- Moglegheit for alternativ turnus med langvakter
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Du må søke elektronisk. Oppgje i søknadsteksten kva stilling du søker på.
Velkomen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5907966Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune