Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
19.01.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
680, Sunnfjord
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6003447Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar / helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling og likar varierte oppgåver.
Tenesteområda er institusjon, avlastningseininga, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Som tilsett i Bemanningseininga vil du arbeide i 3 ulike einingar.
Vi har ledig:100% fast stilling som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
Arbeidsoppgåver:- dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- sikre journalføring i fagprogrammet CosDoc
- Autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- godkjent politiattest
- gode IKT kunnskapar
- førarkort klasse B
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- trivast å arbeide sjølvstendig og i team
- er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel, stabil og endringsvillig
- er god på relasjonsbygging og skape tillit
- er fagleg oppdatert og engasjert
- er pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene og har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- engasjerte kollegar og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg fokus
- varierte og spanande faglege utfordringar
- god opplæring
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
19.01.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
680, Sunnfjord
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6003447Look here for other jobs from Sunnfjord kommune