Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
20.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6703167Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Sjukepleiar eller paramedisinar til Mobilt Ferdigheitsteam
Offentlig forvaltning
Sjukepleiar eller paramedisinar til Mobilt Ferdigheitsteam - 50 % fast stilling
Vil du bidra til tryggare og meir kompetente helse- og omsorgstenester i Hallingdal?
Mobilt Ferdigheitsteam arbeider med kompetanseheving for tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Ål, Hol, Gol, Hemsedal og Flå. Gjennom praktisk ferdigheitstrening, simulering, undervisning og etisk refleksjon bidreg teamet til å styrkje den kliniske kompetansen og tryggleiken til dei tilsette.
Opplæringa blir gjennomført på arbeidsplassane i kommunane, digitalt og på øvingsposten på Torpomoen. Innhaldet blir tilpassa faglege behov og bestillingar frå kommunane.
Arbeidsoppgåver
- planleggje og gjennomføre ferdigheitstrening, casetrening, simulering og undervisning
- styrkje klinisk observasjonskompetanse, kommunikasjon og etisk refleksjon
- gjennomføre obligatoriske kurs i hjarte-lunge-redning
- kartleggje kompetansebehov og tilpasse opplæringa til ulike faggrupper
- samarbeide med leiarar, fagpersonar og tilsette i kommunane
- vidareutvikle teamet sine tilbod
- planleggje og gjennomføre fagdagar, kurs, webinar og opplæring av ferievikarar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
- er autorisert sjukepleiar eller paramedisinar med bachelor, gjerne med relevant vidareutdanning
- har solid og relevant klinisk erfaring
- har erfaring med eller interesse for undervisning, rettleiing, ferdigheitstrening eller simulering
- har god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- har førarkort klasse B og høve til å reise mellom kommunane
Instruktørkompetanse innan førstehjelp eller hjarte-lunge-redning er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Du er trygg og tillitsskapande i møte med ulike menneske og fagmiljø. Du har pedagogisk forståing og evnar å gjere fagstoff praktisk, relevant og engasjerande. Vi ser etter deg som tek initiativ, arbeider sjølvstendig og strukturert og samtidig samarbeider godt med andre. Du må vere fleksibel og trivast med ein variert og utadretta arbeidskvardag.
Relevant praktisk erfaring og personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Vi tilbyr
- ei spennande og variert stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- høve til å påverke og vidareutvikle tilboda til teamet
- eit tverrfagleg og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- ein fleksibel arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Arbeidsstaden er Hallinghelse på Torpomoen i Ål. Stillinga inneber reiseverksemd mellom Ål, Hol, Gol, Hemsedal og Flå.
Søknad:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
20.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6703167Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
100 % fast stilling - Rådgjevar for tverrfagleg innsats for barn og unge
Ål Kommune
ÅL -
Lærlingar - open utlysing
Ål Kommune
ÅL -
Fagarbeidar i skule og SFO i 70 % fast stilling ved Flekke skule
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Lønnskonsulent - 100% fast stilling
Gol kommune
GOL -
100 % stilling sjukepleiar
Aukra kommune
AUKRA