Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!

 

Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda.

Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis.

Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søkje stilling hos oss.

Vi har følgande stillingar ledig:
  • 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast
  • 100 % vikaritat som sjukepleiar i perioden 01.10.2026 - 31.08.2027

Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.

Arbeidsoppgåver:
  • sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
  • kartlegging, observasjon og dokumentasjon
  • medikamenthandtering
  • tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
  • aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
Vi søkjer etter deg som er:
  • er fagleg engasjert og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
  • har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing

Kva tilbyr vi?
  • eit godt og inkluderande fagmiljø
  • fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • ein variert og spennande arbeidskvardag
  • faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi
  • fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!