Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skei heimeteneste har som mål å vere ei teneste i utvikling, der pasient og fagleg fokus står sentralt. Vi likar strukturerte og effektive dagar, men og at det er rom for latter og god prat i pausane. Målet vårt er å finne dyktige og trivelege personar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg? Vi håpar det og at du vart litt nysgjerrig no.

 

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar i 2 eller 3-delt turnus med ein del langvakter og arbeid kvar 4.helg.

 

Vi tilbyr:

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av

 

Søkar må ha:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort

 

Vi søker etter deg som:

  • har fokus på pasientane og fagleg kvalitet
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • taklar å jobbe i ulike avdelingar
  • har interesse for demensomsorg
  • har interesse for velferdsteknologi
  • er nytenkande og kreativ
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

 

Spørsmål kan rettast til Einingsleiar Heidi Husetuft, 90189460

Du søker elektronisk, velkommen som søkar!