• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    27.10.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5882313
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 03.10.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til teamet vårt, me håpar DU vil bli vår nye kollega.

Som sjukepleiar i heimesjukepleien vert du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar.

Me har fokus på tverrfagleg samarbeid i tenesta og gode teknologiske løysingar. Me legg til rette for at våre brukara kan bu lengst mogleg i eigen heim og oppleve meistring og tryggleik.

 

Ledige stillingar:
- 3 x 100% faste sjukepleiarstillingar.

 

Arbeidstid:

  •  3-delt turnus.
  •  Moglegheit for langvakter 4.hver eller 6.hver helg.
  •  Det er moglegheiter for tilpassing i turnus.
  •  Årsturnus

Tilsetting fortløpande

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve direkte sjukepleie og sørge for at sjukepleiefaglege oppgåver utføres i tråd med gjeldende krav til kvalitet
  • Sikre dokumentasjon etter gjeldende lovverk og tiltaksplaner i Gerica
  • Veilede, undervise og informere pasienter, pårørende, studenter og kollegaer
  • Velferdsteknologi
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper

 

Krav til kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Fleksibel og god omstillingsevne
  • Motivert for fagleg utvikling
  • Du må i perioder håndtere en hektisk og uforutsigbar kvardag.

 

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling
  • Spennande og godt fagmiljø
  • Avdelinga har ein egen fagsjukepleiar som deltar aktivt i opplæring og utviklingsarbeid
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter tariff

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    27.10.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5882313
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 03.10.2024