• Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    14.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5891313
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
  • Updated 25.09.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Askvoll kommune

Sjukepleiar 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter - Smia/Fløyen/Omsorg 2

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

 

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. 

Gruppe Smia/Fløyen/Omsorg 2 er ei eining med 14 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og langtidsplassar, i tillegg til 9 omsorgsbustader med heildøgnstenester.
 

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
  • Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
  • Medikantmenthandtering
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/ erfaring tilsettast i midlertidig stilling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart

 

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

 

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
  • Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar. Lokalt tillegg for vernepleiarar og sjukepleiarar vert ikkje aktivt før 2. tilsettingsår dersom ein inngår avtale om signeringsstipend.
  • Eiga lønsstige for studentar innan helse- og velferdsutdanningar i deltidsstillingar
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus på kr. 10.000,- per helg. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg. 
  • Arbeid 35,5 t/veke og helg
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

  • Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    14.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5891313
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
  • Updated 25.09.2024