• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    16.01.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5993202
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Sjukepleiar 100 % fast stilling - heimesjukepleie

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi skal styrke helse- og omsorgstenestene i Aukra kommune og søker med dette sjukepleiarar for stilling i heimesjukepleie. Aukra kommune har heiltidskultur, og satsar på heile stillingar for å sikre kontinuitet og stabilitet. Ein har alternative turnusordningar med langvakter. I heimesjukepleie kan ein ha både 12,5 timars vakt og vanleg turnus.

Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Det er ei øy med fastlandsdel, og kommunen har ca 3700 innbyggarar. Det tek ein kort ferjetur på 10 minutt å kome seg hit. Her er flott natur med  moglegheit for aktivitetar på hav og fjell. Kulturtilbod, aktivitetar og friluftsliv er tilgjengeleg for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgssenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.

Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og kortidsplassar. i same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustadar. Institusjon og heimesjukepleie samarbeider tett. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleiar driftar legevaktsatelitt på ettermiddag, kveld, natt og helg. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande, og det er 4 tilsette på vakt kvar natt.

Aukra Omsorgssenter er relativt ny og moderne, då vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta. 

Kven søkjer vi

Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne kreative og gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å sette deg inn i nye arbeidsmåtar, vere fleksibel og arbeide på tvers av avdelingar.
Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å sjølv å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.

Andre krav

God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon

Du har god evne til å rettleie 

Du oppdaterer din kunnskap

Du ser nytten av teknologi i tenesta

Du er med på å utvikle tenestetilbodet  i takt med endringar i samfunnet

Du har god datakunnskap

Du meistrar norsk skriftleg og munnleg

Du er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

Startløn 8 års ansiennitet etter HTA

Stabilitetstillegg

Ein arbeidsplass som har motiverte tilsette med interesse for faget

Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utforande arbeidsoppgåver

Nytt omsorgssenter med gode fasilitetar

God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling 

Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og i tråd med Kompetanseplan

Flyttegodtgjersle

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    16.01.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5993202
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune