Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
23.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5915712Se här för andra jobb från Ål Kommune
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Ål Kommune
Sekretær - Ål ungdomsskule
Offentlig forvaltning
Ål ungdomsskule har ca 175 elevar og 40 tilsette. Skulen er næraste nabo til Ål idrettshall og Ål skulepark. Du finn meir informasjon om Ål kommune, skulane i Ål og Ål ungdomsskule her: https://www.aal.kommune.no/
Som sekretær jobber du tett med rektor og assiterande rektor, og er ein del av skulens administrasjon og fellesskap både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgåver:
- 1. linje for telefon og besøk.
- Ulike oppgåver knytt til elevar og lærarar.
- Superbrukar på ulike datasystem.
- Fakturabehandling.
- Varebestilling.
- Dokumenthandtering.
- Skuleskyss.
- Bibliotekansvar.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan kontorfag og/eller relevant erfaring.
- God digital kompetanse.
- God evne til munnleg og skriftleg framstilling på norsk.
- Kan nytte engelsk både muntleg og skriftleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi søkjer deg som:
- Er positiv, serviceinnstilt, fleksibel og sjølvstendig.
- Er god på samarbeid.
- Har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.
- Har evne til å skape gode relasjonar til enkeltelevar, føresette og kollegaer.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Vi tilbyr:
- Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Deltaking i sekretærnettverk i Hallingdal.
- Hjelp til å finne bustad.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
23.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5915712Se här för andra jobb från Ål Kommune