Company
Hallingdølen ASApplication deadline
05.11.2019Position function
LederstillingForm of employment
workTime.HeltidIndustry
Forlag og grafisk produksjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
PåkrevetDesired language
NORSK, NYNORSKAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
2172232Look here for other jobs from Hallingdølen AS
- Updated 18.10.2019
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Hallingdølen AS
SALS- OG MARKNADSANSVARLEG
Forlag og grafisk produksjon
Hallingdølen er lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på 9078. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Hallingdølen har markert seg sterkt i bransjen og vore kåra til Årets lokalavis fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i mediebedrifta, av desse 14 i redaksjonen.
Hallingdølen søkjer
Sals- og marknadsansvarleg
Me søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle sals- og marknadsarbeidet i alle våre kanalar. Mediemarknaden er i stadig endring, og Hallingdølen skal framleis vera den leiande nyheitsleverandøren og reklamekanalen i Hallingdal. Våre digitale kanalar blir stadig betre og viktigare, samstundes som me også legg mykje jobb i å vidareutvikle papirprodukta våre. Den som blir tilsett får ansvaret for å leie eigne medarbeidarar, og skape ein sals- og produkstrategi som gjev dokumentert effekt for annonsørane våre på best mogleg vis. Me tilbyr ei sentral leiarrolle med gode høve til kompetanseutvikling og nettverksbygging.
Arbeidsoppgåver:
- Leie, utvikle og motivere eigne medarbeidarar
- Vidareutvikle sal- og prestasjonskulturen i avisa
- Ansvar for sals- og produktstrategi i tillegg til budsjett for avdelinga
- Delta aktivt i salsarbeidet gjennom kundemøte og samlingar
- Jobbe for å styrke og synleggjera Hallingdølen sin posisjon som annonsekanal
- Aktivt bidra i Hallingdølen sitt samarbeidsorgan/partnerskap(Agderposten medier)
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning, gjerne innan marknadsføring, økonomi, leiing eller tilsvarande
- Leiarerfaring frå kommersiell verksemd med salsfokus, og kan vise til gode resultat
- Gjerne bakgrunn frå rådgjevande B2B-sal
- God kunnskap om digital marknadsføring
Eigenskapar:
- Samlande og engasjerande med evne til å inspirere både tilsette og kundar
- Sjølvstendig og strukturert
- God på å byggje nettverk
- Positiv og løysingsorientert også i krevjande periodar
- Mål- og forretningsfokusert i ein endringsorientert bransje
Me tilbyr:
- Totalt salsansvar for Hallingdølen sine annonseprodukt
- Ei synleg leiarrolle med gode mogelegheiter for utvikling av eigen kompetanse og nettverk
- Du vil bli ein del av Hallingdølen si leiargruppe, og bidra i den vidare utviklinga av avisa
- Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Ola Stave, på e-post ola.stave@hallingdolen.no eller telefon 90 94 19 94 for meir informasjon om stillinga.
Send søknad til: ola.stave@hallingdolen.no
Søknadsfrist 5. november.
Company
Hallingdølen ASApplication deadline
05.11.2019Position function
LederstillingForm of employment
workTime.HeltidIndustry
Forlag og grafisk produksjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
PåkrevetDesired language
NORSK, NYNORSKAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
2172232Look here for other jobs from Hallingdølen AS
- Updated 18.10.2019