Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Kvam Herad i Brønnøysund

Sakshandsamar/konsulent - NAV Kvam

Sakshandsamar/konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du væra med og gje menneske moglegheiter, og utvikla tenestene i NAV Kvam til det beste for brukarane våre ?

Me ser etter deg som har engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag og som blir motivert av samarbeid med brukarar og samarbeidspartar. Trivast du med rådgjeving innan personleg økonomi og toler at målet er langsiktig, ynskjer me deg med på laget. Du må trivast i ein hektisk kvardag med store krav til kvalitet i arbeidet.

NAV Kvam har ledig 100 % fast stilling i sosialtenesta frå 01.12.24. 

Arbeidsoppgåver

  • Kartleggja og avklara søkjar sine behov og sakshandsama søknader etter Lov om sosiale tenester
  • Kartleggja og rettleia i økonomiske spørsmål og hjelpa tenestemottakar å laga og fylgja opp eigne budsjett og planar
  • Samarbeida internt i kontoret og med andre tenester for å førebyggja og løysa vanskelege livssituasjonar
  • Råd og rettleiing i personleg økonomi knytt til tvungen og frivillig forvaltning av inntekt for tenestemottakarar
  • Til stillinga er det også lagt merkantile oppgåver, som journalføring, utbetaling, systemarbeid og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan relevant fagområde, t.d. bachelor i sosialt arbeid eller realkompetanse/lang erfaring frå forvaltning eller merkantile oppgåver
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God økonomisk forståing
  • Kjennskap til bedriftsnettbank og sakshandsamarsystemet Socio er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og ha evner til å arbeide nøyaktig og effektivt
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Ha styrke til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar
  • Møter andre på ein respektfull, tydeleg og open måte

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finne gode løysingar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.