Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
30.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5882013Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 13.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Sakshandsamar/konsulent - NAV Kvam
Sakshandsamar/konsulentOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du væra med og gje menneske moglegheiter, og utvikla tenestene i NAV Kvam til det beste for brukarane våre ?
Me ser etter deg som har engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag og som blir motivert av samarbeid med brukarar og samarbeidspartar. Trivast du med rådgjeving innan personleg økonomi og toler at målet er langsiktig, ynskjer me deg med på laget. Du må trivast i ein hektisk kvardag med store krav til kvalitet i arbeidet.
NAV Kvam har ledig 100 % fast stilling i sosialtenesta frå 01.12.24.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggja og avklara søkjar sine behov og sakshandsama søknader etter Lov om sosiale tenester
- Kartleggja og rettleia i økonomiske spørsmål og hjelpa tenestemottakar å laga og fylgja opp eigne budsjett og planar
- Samarbeida internt i kontoret og med andre tenester for å førebyggja og løysa vanskelege livssituasjonar
- Råd og rettleiing i personleg økonomi knytt til tvungen og frivillig forvaltning av inntekt for tenestemottakarar
- Til stillinga er det også lagt merkantile oppgåver, som journalføring, utbetaling, systemarbeid og rapportering
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan relevant fagområde, t.d. bachelor i sosialt arbeid eller realkompetanse/lang erfaring frå forvaltning eller merkantile oppgåver
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God økonomisk forståing
- Kjennskap til bedriftsnettbank og sakshandsamarsystemet Socio er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Systematisk og ha evner til å arbeide nøyaktig og effektivt
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Ha styrke til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar
- Møter andre på ein respektfull, tydeleg og open måte
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finne gode løysingar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
30.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5882013Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 13.09.2024