Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5909404Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Saksbehandlar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har samla saksbehandling innan helse og omsorg i eit miljø – Tildelingseininga for helse- og omsorgstenester. Tildelingseininga er organisert under kommunalsjef for omsorg, og er tverrfagleg samansett av sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar. Eininga er for tida lokalisert på Rådhuset i Førde, og har ei sentral rolle i Sunnfjord kommunen si tenesteyting. Eininga har 10 årsverk.
Vi har følgande stilling ledig:- 100 % stilling som saksbehandlar for tenester til menneske med nedsett funksjonsevne, psykisk helse og rus.
Stillinga vil være knytt til handsaming av søknader med bakgrunn i hjelpebehov av psykisk og fysisk art, samt utfordringar innan rus. Det vil og være fokus på meldingsutveksling mellom kommune og spesialisthelsetenesta.
Saksbehandlar har ansvar for behandling av søknader knytt til:
- ambulerande tenester
- praktisk bistand opplæring
- dagtilbod
- butiltak
- heimehjelp
- e-meldingar
Saksbehandlar har ansvar for innhenting av informasjon frå brukar og samarbeidspartar, og vil i stor grad ha brukarkontakt i møter ved heimebesøk.
Krav til søkar:- bachelor innanfor helse-, omsorgs- og sosialfag
- førarkort klasse B
- gode norsk kunnskapar både skrifteleg og munnleg
- erfaring frå aktuelt arbeid innan kommunal helse- og omsorgsteneste
Det er ønskeleg med relevant vidareutdanning utover bachelornivå innan psykisk heles og rus, nedsett funksjonsevne.
Utdanning som sjukepleier eller vernepleiar er ønskeleg.
Vi søker deg som:- har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
- er strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardag
- har god kjennskap til bruk av IT-verktøy. I Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
- er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- har erfaring med sakshandsaming innan helse- og omsorg
- er budd på å møte brukar der det er best eigna, ofte i heimebesøk
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
- rekrutterings- og stabiliseringstillegg
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning på inntil kr 30 000 i 100 % stilling
Politiattest må leggast fram før start i stilling.
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5909404Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune