• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    20.01.2025
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5986392
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Ringevikarer søkes i døgnturnus og langvakter, til MMNF (mennesker med nedsatt funksjonsevne)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer etter vikarar i døgn og langvakter i bustader til menneske med nedsett funksjonsevne. (MMNF)

Bustadane ligg på Rong, og gjer døgnkontinuerlege tenester til personar med autisme og psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov. 

Vi søkjer fleire engasjerte medarbeidarar. 

Vi ønskjer deg som ser verdien av gode relasjonar, ein strukturert kvardag og liker å jobbe i team for å gjere kvarandre betre!  

Vi har som mål å yte gode faglege forsvarlege tenester som inneber stabilitet, kontinuitet og tryggleik for bebuar, med god livskvalitet og autonomi innanfor definerte rammar og klare grenser. 

 

Arbeidsoppgåver:
  • Bidra til å skape meiningsfylte og innhaldsrike dagar for bebuarane 
  • Legge til rette for bebuarane i daglege gjeremål og aktivitetar 
  • Arbeide for å forebygge, følgje opp tiltak og handtere utfordrande åferd og  krevjande situasjonar
  • Kunne følge opp mål og tiltak samt dokumentere tenesteutøving 
  • Gjennomføre vedtak etter lov om helse og omsorgstenestelova kap 9 
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar

 

Kvalifikasjonar:
  • Ønskeleg med relevant arbeidserfaring med målgruppa. 
  • Ønskeleg med erfaring i arbeide med åtferd som utfordrar 
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Ønskeleg med førarkort kl. B 

Andre krav:

  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med tilsvarande brukargruppe vil vektleggjast.

 

 Vi søkjer deg som:
  •  

    Er roleg, trygg, robust og kan handtere psykisk og fysisk krevjande situasjonar 
  • Meistrar å stå i krevjande situasjonar over tid  
  • Det er naudsynt med god fysisk helse då arbeidet kan vere er fysisk  krevjande 
  • Gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø og fokus på å gjere kvarandre gode 
  • Følger regler og rutinar, jobbe strukturert og er ansvarsbevisst 
  • Du liker å jobbe i team og deler gjerne av din kunnskap slik at vi saman blir  betre 

    Personlege eigenskapar blir vektlagt høgt.

 

 Vi tilbyr: 

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer  spennande og faglege utfordringar 
  • Opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering 
  • Lønetter gjeldande avtaleverk 

 

Søknadsfrist snarast

 

 

Kontaktperson:
Assisterande einingsleiar:  Elin Alfstad, mobil: 477 97 112
Avdelingsleiar:                     May Liss Snekkevik, mobil: 913 66 570

 

 

 

 

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    20.01.2025
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5986392
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune