• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    29.06.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6652500
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Rådgjevar for kommunalsjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere den rådgjevaren som kommunalsjef sender ut når noko må følgjast opp, ryddast opp i eller utviklast vidare?  

Me søkjer ein rådgjevar som trivst i skjeringspunktet mellom leiing, utvikling og gjennomføring. Dette er ikkje ei stilling for deg som likar å sitje på sidelinja. Me ser etter deg som går inn i komplekse situasjonar, byggjer tillit, skapar framdrift og får ting til å skje. 

Du vil vere ein sentral støttespelar for kommunalsjef og få ansvar for å følgje opp leiarar, bidra i utviklingsprosessar, leie eller delta i prosjekt og handtere oppgåver som krev både klokskap, handlekraft og menneskeleg innsikt. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Oppfølging og støtte til leiarar i krevjande og komplekse situasjonar. 

  • Drive og koordinere utviklings- og endringsprosessar. 

  • Leie eller delta i prosjekt på tvers av tenesteområde. 

  • Bidra til å finne løysingar når utfordringar oppstår. 

  • Vere ein strategisk og operativ sparringspartnar for kommunalsjef. 

  • Ta ansvar for oppgåver som krev særleg oppfølging, struktur og gjennomføringsevne. 

 

Kven er du? 

Du er ein person som står støtt når det stormar. Du møter menneske med respekt, men er samstundes tydeleg når situasjonen krev det. Du er robust, uthaldande og har evne til å halde kursen gjennom krevjande prosessar. 

Me trur du kjenner deg att i fleire av desse beskrivingane: 

  • Du byggjer gode relasjonar og skapar tillit. 

  • Du er god til å kommunisere med menneske på ulike nivå. 

  • Du ser løysingar der andre ser problem. 

  • Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. 

  • Du er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar. 

  • Du toler motstand og står i krevjande situasjonar over tid. 

  • Du evnar å kombinere omsyn til menneske med krav til resultat. 

 

 

Kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare utdanning, minimum 3 årleg innanfor helse og sosialfeltet. 

  • Erfaring frå leiing, rådgjeving, organisasjonsutvikling eller prosjektarbeid. 

  • God forståing for offentleg forvaltning er ein fordel. 

  • Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid vil bli vektlagt. 

 

Vi legg særleg vekt på 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me søkjer ikkje nødvendigvis den som har den lengste CV-en, men den som har evna til å skape framdrift, byggje relasjonar og stå støtt når oppdraget krev det. 

Er du personen kommunalsjef kan sende ut når det verkeleg gjeld?

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing. 

I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.»

Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    29.06.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6652500
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune