Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.06.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6205149Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Prosjektleiar Rocket-Man
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du leie eit kraftfullt fellesskap for ungdom? Sogndal kommune søkjer prosjektleiar for Rocket-Man!
Rocket-Man er eit inkluderingsprosjekt for ungdom mellom 13–18 år som står i fare for å falle utanfor. Gjennom aktivitetar, meistringsopplevingar og støttande relasjonar skal vi styrke ungdom i kvardagen. Kvar deltakar får ein eigen aktivitetsguide – ein slags storebror eller storesøster – som heiar, støttar og følgjer opp.
Som prosjektleiar får du ei nøkkelrolle i å byggje, drifte og vidareutvikle Rocket-Man i Sogndal. Du skal rekruttere og følgje opp aktivitetsguidar, vere ein trygg leiar, og bidra til å skape gode aktivitetar i lag med ungdom.
For meir informasjon om Rocket-Man: Velkommen - Rocket-Man
Dine oppgåver:
Leie, planleggje og vidareutvikle Rocket-Man
Rekruttere og følgje opp aktivitetsguidar
Ha personalansvar og rettleiing av guidar
Byggje relasjonar med ungdom og fagpersonar
Samarbeide med tverrfaglege team og Rocket-Man sentralt
Representere prosjektet og skape engasjement lokalt
Delta på og arrangere aktivitetar
Pårekna arbeid på dagtid, kveld og helg
Kven ser me etter?
Vi ser etter deg med høgare utdanning innan helse, sosialt arbeid, pedagogikk eller liknande. Du har gjerne erfaring frå ungdomsarbeid, rusfeltet, prosjektleiing eller koordinering. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og samhandlande – og ha førarkort og gyldig politiattest.
Du bør også vere ein trygg vaksen, god på relasjonar, og flink til å kommunisere med respekt og varme. Har du i tillegg humor og glød, kan du vere rett person for oss.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
Ei meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell
Eit inkluderande og engasjert fagmiljø
Moglegheit til å vere med og utvikle noko nytt
Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid og høve til kompetanseutvikling
Eittårig engasjement i 100 % stilling, med moglegheit for forlenging.
Sogndal kommune satsar på ungdom!
No styrkjer me det førebyggande ungdomsarbeidet med fleire nye stillingar: utekontakt, ungdomsarbeidar, ungdomslos, fritidskoordinator og prosjektleiar for Rocket-Man.
Stillingane inngår i kommunen si samla satsing på oppvekst og vil samarbeide tett i ulike tverrfaglege team. Målet er å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sogndal.
Du treng berre å sende inn éin søknad. Om du er interessert i fleire av stillingane, ber me deg opplyse om dette i søknaden. Alle søkarar vil kunne bli vurderte til fleire av stillingane, dersom kompetansen og erfaringa tilseier det.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.06.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6205149Se her for andre jobber fra Sogndal kommune