• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    19.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6248639
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
Ledigt jobb

Giske Kommune

Pedagogisk leiar, vikariat ved Vigra barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon


Vigra barnehage søker pedagogisk leiar til eit vikariat. Dette er ei 100% stilling frå 01.08.2025 - 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.  

Vigra barnehage ligg flott til på Roald med natur på alle kantar. Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarns avdeling og to storbarnsavdelingar. I Vigra barnehage er vi opptatt av at alle, både barn og tilsette, skal gå heim med ei kjensle av at i dag var det bra eg kom. Barnehagen sin visjon er «Det er stort å vere liten i Vigra barnehage». Det betyr at vi har fokus på livsmeistring, inkludering, og å bygge gode relasjonar. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Sjekk oss ut på Facebook: https://www.facebook.com/vigra.barnehage

Menn blir oppmoda om å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlige egenskaper:

  • Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar
  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
  • Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Evne til å jobbe tverrfagleg

Vi tilbyr:

  • Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    19.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6248639
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune