Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
20.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5897243Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 27.09.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Ål Kommune
Pedagogisk leiar - Torpo Barnehage
Offentlig forvaltning
Er du utdanna barnehagelærar eller har anna relevant utdanning som gir pedagogisk kompetanse til å arbeide i barnehage? Då treng vi deg!
Vi har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Torpo barnehage med oppstart snarast.
Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til skule, fotballbane, skiløype og fin natur. I 2015 vart heile huset renovert og er no ein barnehage godt tilpassa behova barn og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Vi har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.
Torpo barnehage har fokus på «leik som kompass i barnehagen sitt uterom» og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Vi er opptekne av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald.
Kvalifikasjonar
- utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
- ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk
- dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning, kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning vera aktuelle
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- brenn for barnehageyrket og det beste for barna
- er ein leikande og profesjonell vaksen
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
- er løysingsorientert, fleksibel og lojal
- har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna
- kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
- stillingsprosent ut frå ønske/behov
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
20.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5897243Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 27.09.2024