Company
Ål KommuneApplication deadline
22.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5979030Look here for other jobs from Ål Kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Pedagogisk leiar - Sundre Barnehage
Offentlig forvaltning
Vi treng pedagogisk leiar! Er du utdanna barnehagelærar eller har anna relevant utdanning som gir pedagogisk kompetanse til å arbeide i barnehage?
Sundre barnehage har ledig inntil 100% fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart snarast.
Sundre barnehage er ein seks avdelings barnehage med 82 barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg med sentral plassering på Ål og har kort veg til skulepark, bibliotek, togstasjon og idrettsarena. Visjonen til Sundre barnehage er: Leik, lær og le – le, lær og leik. Saman med barn og vaksne i barnehagen kan du vera med på å skape ein kvardag for borna i Sundre som gir rom for akkurat dette.
Arbeidsoppgåver:
Som pedagogisk leiar i Sundre barnehage er du ansvarleg for å leie og iverksette det pedagogiske arbeidet på ei avdeling. Du vil arbeide i tett samarbeid med dei andre pedagogane og med god støtte frå både styrar og assisterande styrar. Du er med på å skape eit trygt og godt miljø for alle våre barn gjennom leik, læring, omsorg og danning. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga og sjå til at barnehagelova og rammeplan blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar:
- utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
- kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage
Personlege eigenskapar:
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
- brenn for barnehageyrket og barnas beste
- er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn
- er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik
- bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa
- gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- ein barnehage som arbeider for å ha eit fagleg miljø med breidde
- fadder på arbeidsplassen
- ei personalgruppe som arbeider for å vidareutvikle seg
- eit spesialpedagogisk team i barnehage som følgjer opp det spesialpedagogiske arbeidet
- ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs
- ei personalgruppe som verdset humor i kvardagen
- meningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
- ein kvardag der på psykologisk tryggleik har ein naturleg plass
- hjelp til å finne bustad
- gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning
- pensjonsordning i KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!
Company
Ål KommuneApplication deadline
22.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5979030Look here for other jobs from Ål Kommune