Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
29.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5914251Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Askvoll kommune
Pedagogisk leiar Holmedal barnehage - 100% fast stilling - 2. gongs utlysing
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved Holmedal barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
Holmedal barnehage ligg ved den vakre Dalsfjorden og vi har kort veg til fjæra. Vi har og nærleik til både fjell, skog, fotballbane og er glad i å gå på tur både med og utan niste.
Vi søker deg som:
likar uteliv og uteaktivitetar
tar ansvar og ser mogelegheiter i staden for begrensningar
griper sjansane som kjem og kan glede deg over dei små augneblinka i kvardagen
er opptatt av relasjonsbygging på kryss og tvers
nyttar kompetansen din til å reflektere saman med resten av teamet
Arbeidsoppgåver:
Pedagogisk leiing av avdelinga
Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
Følgje opp, og vere aktiv i kompetanseutviklinga i barnehagen
Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader
Kvalifikasjonar:
Godkjent utdanning som barnehagelærar (søkjarar som har utdanning fra utlandet må legge ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Noreg)
Vidareutdanning i spesialpedagogikk vil vere av særleg interesse
Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28
Meistre barnehagen sine digitale verktøy
Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje legges ved søknaden, men må leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding
I denne stillinga krevs det at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding
Personlege eigenskapar:
Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
Du er faglig oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
Du er ein tydelig leiar, og samarbeider godt med andre
Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evnen til å jobbe i team
Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
Du er åpen for nytenking og har ferdigheter innan digitale verktøy
Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar
Løn etter avtaleverket
God pensjonsordning, og ulykkes- gruppe livsforsikring
Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag
Kompetanseheving for tilsette
Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølging)
Pedagogisk leiar-tillegg på kr. 34 000
Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
29.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5914251Se här för andra jobb från Askvoll kommune