Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Pedagogisk leiar Holmedal barnehage - 100% fast stilling - 2. gongs utlysing

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Holmedal barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. 

Holmedal barnehage ligg ved den vakre Dalsfjorden og vi har kort veg til fjæra. Vi har og nærleik til både fjell, skog, fotballbane og er glad i å gå på tur både med og utan niste. 

Vi søker deg som: 

  • likar uteliv og uteaktivitetar 

  • tar ansvar og ser mogelegheiter i staden for begrensningar 

  • griper sjansane som kjem og kan glede deg over dei små augneblinka i kvardagen 

  • er opptatt av relasjonsbygging på kryss og tvers 

  • nyttar kompetansen din til å reflektere saman med resten av teamet 

Arbeidsoppgåver: 

  • Pedagogisk leiing av avdelinga 

  • Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid 

  • Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp 

  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen 

  • Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena 

  • Følgje opp, og vere aktiv i kompetanseutviklinga i barnehagen 

  • Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar 

  • Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader 

Kvalifikasjonar: 

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar (søkjarar som har utdanning fra utlandet må legge ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Noreg) 

  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk vil vere av særleg interesse 

  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28 

  • Meistre barnehagen sine digitale verktøy 

  • Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje legges ved søknaden, men må leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding 

  • I denne stillinga krevs det at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding 

Personlege eigenskapar: 

  • Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar 

  • Du er faglig oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid 

  • Du er ein tydelig leiar, og samarbeider godt med andre 

  • Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evnen til å jobbe i team 

  • Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert 

  • Du er åpen for nytenking og har ferdigheter innan digitale verktøy 

  • Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr:  

  • Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage 

  • Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar 

  • Løn etter avtaleverket 

  • God pensjonsordning, og ulykkes- gruppe livsforsikring 

  • Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag 

  • Kompetanseheving for tilsette 

  • Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølging) 

  • Pedagogisk leiar-tillegg på kr. 34 000 

  

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. 
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne. 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheitagrunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.