• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    23.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6258634
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Pedagogisk leiar / barnehagelærar i Gol barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol barnehage har 2 ledige faste stillingar som pedagogisk leiar / barnehagelærar frå august 2025.

Gol barnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eiga naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 – 5/6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.

I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt, Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.

Dine kvalifikasjonar:

  • Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
  • Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
  • Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi ønskjer oss av deg:

  • Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
  • Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
  • Har evner til å skape gode relasjonar med barn
  • Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
  • Er interessert i barn si utvikling og medverking
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
  • Bidreg til eit raust arbeidsklima
  • Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre.
  • Er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt
  • Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar

Vi kan tilby:

  • Profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Løn etter utdanning og praksis
  • Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
  • Stillingsbeskriving
  • Gratis trening

Anna:

  • Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje
  • Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid
  • Dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar

Send søknad: 

  • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
  • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    23.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6258634
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune