• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    24.08.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3064604
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 07.08.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Aukra kommune

Miljøterapeutar til Innvandring og Integrering

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Aukra kommune har busett 11 einslege mindreårige flyktningar i perioden 2016 -2018. Kommunen har i drift eitt bufellesskap med 2 einslege mindreårige flyktningar og eit oppfølgingstema som føl opp dei einslege mindreårige flyktningane som har flytta til eigen bustad. Avdelinga for einslege mindreårige flyktningar har 6 tilsette.  I samband med at ein tilsett har slutta og ein annan skal gå av med pensjon, har eininga behov for nye tilsette.

Om eininga/avdelinga
Eining for innvandring og integrering har ansvar for busetting, introduksjonsprogram, kvalifiseringstiltak for minoritetsspråklege, vaksenopplæring og andre prosjekt innafor feltet, samt drift av døgnbemanna bufellesskap og oppfølgingsteam for einslege mindreårige flyktningar  

Miljøterapeutar
Det er snakk om 1-2 mellombelse stillingar, i første omgang for eitt år, men med moglegheit for forlenging.

Tiltreding snarast for ei av stillingane og 1.11.2020 for den andre. 

Arbeidsoppgåver:
- Delta i den daglege drifta av bufellesskapa
- Sikre god omsorg for barna/ungdomane
- Utøve strukturert og systematisk miljøterapeutisk arbeid med den einskilde og gruppa
- Planmessig og individuelt oppfølgingsansvar
- Rettleie/delta i praktisk arbeid saman med barna/ungdomane
- Hjelpe barna/ungdomane i å få kompetanse til eit sjølvstendig liv i eigen bustad
- Inneha funksjon som hovudkontakt/primærkontakt
- Oppfølging av skolegang og fritidsaktivitetar
- Delta i utviklinga av fagleg praksis i avdelinga, samt vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet

Kvalifikasjonar:
- Miljøterapeutar: Relevant høgskoleutdanning og erfaring frå arbeid med barn og unge, helst einslege mindreårige
- Anna utdanning og/eller relevant praksis kan kompensere for krav om utdanning
- Fleirkulturell forståing og kjennskap til traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar:
- Engasjement og lyst til å arbeide med barn/ungdom

- Ha evne til å stå i utfordrande relasjonar over tid
- Kunne samarbeide godt internt og eksternt
- Vere trygg og sjølvstendig med evne til tydelig kommunikasjon
- Ha eit sterkt fagleg engasjement og like utfordringar
- Evne til å skape gode relasjonar

Stillingane har store krav til toleranse, fleksibilitet og samarbeidsvilje. Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.
Stillingane inngår i langturnus.

Du må ha førarkort klasse B.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale
Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. 

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Ved lengre fråvær kan lengre prøvetid vere aktuelt.

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    24.08.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3064604
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 07.08.2020