• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    15.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5723991
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst og kultur har frå 1.8.2024 ledige faste og midlertidige stillingar som miljøterapeut ved skulane i Hå. Stillingsprosent varierar. Søkjarar som ønskjer deltidsstilling må oppgje ønskja stillingsprosent. Ønskje med omsyn til skule kan takast med i søknaden.

Vi søkjer personer som er utdanna vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog. Du har god fagleg kompetanse og er god på relasjonsarbeid. Du er ein trygg vaksen i møte med elevar. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig samtidig som du er god på samarbeid og kan arbeide i team.

Nærare omtale over den einskilde skule finn du på Hå kommune si heimeside, https://www.ha.no/skule/skulane-i-ha/

Behova ved kvar skule er per i dag slik:
- Bø skule: ca 320%, fast og vikariat. Ein av stillingane krevjar helsefagleg bakgrunn
- Motland skule: ca 160%, 2 vikariat. Ein av stillingane krevjar helsefagleg bakgrunn
- Varhaug skule: ca 80%
- Vigrestad skule: 100%, vikariat frå 1.aug 24 til 31.jan 2025.
- Ogna skule: ca 80% fast stilling, i hovudsak på 1. – 4.trinn og SFO
- Varhaug ungdomsskule: ca 70%

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    15.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5723991
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune