• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    13.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5722060
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bø skule har ledig 100% fast stilling som lærar ved ATO-avdelinga frå 1.8.2024.

ATO står for alternativ tilpassa opplæring og er ei spesialpedagogisk avdeling for Hå kommune. Avdelinga er ein del av Bø skule, og legg til rette for spesialundervisning for 15-20 elevar med ulike behov. Fleire elevar har hjelpemiddel og behov for opplæring i blant anna alternativ støttande kommunikasjon (ASK), fysioterapi, ergoterapi og oppfølging i samband med syn- og hørsel.

Laget vårt består av ulike profesjonar; pedagogar, vernepleiarar, barnevernspedagog, sjukepleiar og fagarbeidarar. Som lærar er du med på planlegging og gjennomføring av undervisning i mindre elevgrupper. Du vil få tett oppfølging og rettleiing som nytilsett på ATO.

Kvalifikasjonar
Pedagog med godkjent undervisningskompetanse
God IKT-kompetanse
Erfaring med opplæring for elevar med rett på spesialundervisning
Gode kommunikasjonsevner, du må beherske norsk skriftleg og muntlig

Personlige eigeskaper
Du er ansvarsfull, ein tydeleg vaksen og innbyr til tillit.
Du er initiativrik og tar aktivt tak i dei oppgåvene som skal gjerast.
Du tar imot veiledning og råd med ei positiv innstilling, og er ikkje redd for å spør om hjelp.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    13.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5722060
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune