Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% mellombels stilling i avdeling Psykisk helse og Rus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Avdeling Psykisk helse og Rus i Øygarden kommune er delt inn i tre soner. Oppfølgingstenesta er ein del av tilbodet i avdelinga og består av tverrfagleg samansette team som gjer tilbod til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og- / eller rus. Tenestene som vert gitt er vedtaksbasert.

Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eit spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av din faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.

 

Arbeidsoppgåver:
  •  Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve til lovverk, retningslinjer og vedtak.
  •  Kartleggingsarbeid
  •  Rettleiing
  •  Praktisk bistand
  •  Nettverksarbeid
  •  Koordinere tenestetilbodet, delta i samarbeidsmøte/ ansvarsgruppe
  •  Individuell plan
  •  Tilvise til behandling
  •  Journal- og dokumentasjonsansvar
  •  Legemiddelhandtering

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fullført treårig helse-/sosialfagleg høgskuleutdanning som fortrinnsvis sjukepleier/vernepleier. Det er naudsynt med erfaring frå liknande arbeid.
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Personlege eigenskapar:
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Stor grad av fleksibilitet
  • Gode samarbeidsevner
  • At man er løysingsfokusert
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta

 

Anna:
  • Stillinga er på dagtid
  • Oppfølgingstenesta sone Straume er det ledig 100% mellombels stilling grunna svangerskapspermisjon. Stillinga er ledig i perioden 11.11.2024 - 03.08.2025 
Vi tilbyr:
  • En spennande og lærerik arbeidskvardag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Avdelingsleiar Saritha Hovland tlf 47649378

Einingsleiar Therese Helgesen  tlf 91529795

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.