Company
Giske KommuneApplication deadline
10.05.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5708697Look here for other jobs from Giske Kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Giske Kommune
Miljørettleiar ved Valderøy barneskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det blir ledig vikariat i 100 % stilling som miljørettleiar Valderøy barneskule og SFO for skuleåret 2024/2025. Stillinga følgjer normalarbeidsår.
Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
Menn blir oppfordra til å søkje.
I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal skannast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søke.
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Må kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Vere trygg i konflikthandtering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Evne til å møte barnet der det er, og ha barnet sitt beste i fokus.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst. Evne til sjølvstendig arbeid, men også samarbeid med andre.
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Company
Giske KommuneApplication deadline
10.05.2024Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5708697Look here for other jobs from Giske Kommune