Vacancy

Sunnfjord kommune

Miljørettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunde skule er ein barneskule med 160 elevar frå 1.- 7. steg. Skulen har store klasserom, spesialrom, eigen SFO og stort flott bibliotek.
«På same lag» er visjonen vår og på Sunde skule og SFO er det ikkje mine og dine elevar, men alle elevane er våre elevar og saman skal vi syte for at alle trivast og lærer.

Vi har ledig:
  • Miljørettleiar 100 % vikariat frå 01.08.2025 - 31.07.2026

Stillinga følger skuleåret, og lønsprosenten vert 89 %.

Krav til søkar: 
  • 3-åreg høgskuleutdanning som t.d. vernepleiar eller barnevernspedagog
  • god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Godkjent politiattest av ny dato må leverast før start i stilling.

Vi søker deg som har kompetanse og erfaring med:
  • autismespekterforstyrring og utviklingshemming
  • ASK
  • planlegging og organisering av tilbod til elevar med alternativ opplæring

Det er ønskeleg med erfaring frå skule.

Arbeidsoppgåver:
  • følgje enkeltelevar gjennom skule/SFOdagen 
  • skape struktur og ein føreseieleg dag for enkeltelevar gjennom dags planer, visuell støtte og ASK.Utarbeide, gjennomføre og evaluere opplegg for trening i sosial kompetanse og ADL aktivitetear. 
  • leie team rundt elevane og samarbeide med eksterne instanser
Personlege eigenskapar:
  • Du må vere løysingsorientert, strukturert, og robust psykisk og fysisk. 
  • Du må kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig og samtidig ha gode samarbeidsevner. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Utlysinga gjeld også stillingar som måtte kome til.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk. 

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.