Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kvam Herad i Brønnøysund

Miljøarbeidar - Bufellesskap Øystese

Miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.

Me søkjer helsefagarbeidar til 100 % fast stilling som miljøarbeidar frå oktober 2024. Stillinga er knytt til bufellesskap Øystese: Utsikten, Gropa, Gropflaten, Stoppelsgjerd og Bergtun. Stillinga er for tida i todelt turnus der ein del vakter er seinvakter, arbeid 3. kvar helg.

Me ønskjer å bidra til at:

  • Tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet
  • Ha gode relasjonar til dei rundt seg
  • Ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet

Me har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 5 ulike bufellesskap. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Legemiddelhandtering
  • Primærkontaktansvar
  • Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss ein medarbeidar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement for miljøarbeid

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Lærlingar i helsefag siste lærehalvår vert oppmoda om å søkja
  • Er du interessert i å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du er i jobb hos oss, kan du vera aktuell for ei stilling som pleiemedarbeidar. Me ser etter deg som har genuin interesse for faget og er motivert for å ta utdanning innan helse og omsorg
  • Ønskjeleg med arbeidserfaring innan fagfeltet
  • Førerkort klasse B
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
  • Norsk kunnskap må tilsvare minst B1

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer oss deg som har:

  • gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • evne til arbeida med målretta miljøarbeid, er systematisk og ryddig som person
  • gjennomføringsevne og vilje til jobba aktivt i forhold til å fremja sjølvbestemming og meistring hjå brukar
  • gode haldningar, god lagspelar og kollega
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.