• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    21.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5208, OS
    BJØRNAFJORDEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6617675
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Matros i sambandet Halhjem-Våge!

Ferger

Fjord1 søker ein matros til eit vikariat i sambandet Halhjem - Våge, trafikert av vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren. 

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i 3 veker, deretter har du 3 veker samenhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. 

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Med kort reisetid – kun 30 minutt frå Bergen til Halhjem – er det enkelt å få ein god balanse mellom jobb og fritid.

Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
  • Skiftordning: 1 døgn om bord, 1 døgn fri. 3 veker på jobb og 3 veker fri. 
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    21.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5208, OS
    BJØRNAFJORDEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6617675
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA