• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    25.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6457187
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Maskinsjef på sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Møkstrafjord 

Ferger


Fjord1 søkjer no ein engasjert og erfaren maskinsjef til sambandet Hufthamar-Krokeide, trafikkert av vår moderne og miljøvenlege el-ferje MF Møkstrafjord.

Denne hybridferja bygd i 2018, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. 

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv og teknisk drift om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvakning av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

Du blir del av eit team med dyktige og hjelpsame kollegaer, og får jobbe med framtidsretta teknologi i eit rederi som er blant dei leiande i landet. Her får du verdifull erfaring og gode karrieremoglegheiter i ei næring som er i stadig utvikling. 


Reisetida mellom Bergen og Krokeide er om lag 25 minutter

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring for sjøfolk
  • Allsidig erfaring som maskinsjef
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Personlige egenskaper:

    Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjend rederi
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar; som muligheita for å leige hytter og leilegheiter, og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 12-12 , 2 veker på og 2 veker av. Det kan bli endringer i skiftordninga.
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    25.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6457187
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA