Company
Fjord1 ASAApplication deadline
15.10.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5013, BERGEN
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
6727877Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Maskinsjef i 2:2 turnus
Ferger
Vi søker no etter ein maskinsjef til ressursgruppa.
I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.
I stillinga må du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du bør og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.
Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig. Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat.
- FSE e- læringskurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap.
- Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.
- Dekket reiseavstand som overstig 15 km, mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
15.10.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5013, BERGEN
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
6727877Look here for other jobs from Fjord1 ASA