• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    15.10.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5013, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6727877
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Maskinsjef i 2:2 turnus 

Ferger

Vi søker no etter ein maskinsjef til ressursgruppa. 

I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.

I stillinga må du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du bør og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.

Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig. Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.

Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat.
  • FSE e- læringskurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

 

    Vi tilbyr:

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap.
    • Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.
    • Dekket reiseavstand som overstig 15 km, mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette.
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
    • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
     

    • Bedrift
      Fjord1 ASA
    • Søknadsfrist
      15.10.2026
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Ansettelsesform
      Fast
    • Bransje
      Ferger
    • Utdanningskrav
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring
      Ønskelig
    • Adresse
      5013, BERGEN
      BERGEN
    • Antall stillinger
      1
    • karriere-kode
      6727877
    • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA