Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
20.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5108, HORDVIK
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873176Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 09.11.2024
Fjord1 ASA
Maskinsjef - ansvar for reservefartøy.
Ferger
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vår målsetting er å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei spanande moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy i "gamle" Hordaland. For tida omfatter dette MF Sogn og MF Solskjel, med opplagskai på Steinestø ferjekai, nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil støtte driftande ferjer ved behov for akutt bytte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Som maskinsjef på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din faglege kompetanse og erfaring. Her vil du bli ein del av eit dedikert team, som jobbar i fronten av den grøne omstillinga innan maritim transport.
Fordelar med stillinga:
- Fast turnus: 2 veker på, og 2 veker av - 84 timar per veke.
- God balanse mellom arbeid og fritid: Perfekt for deg som ynskjer å kombinere familieliv og karriere.
- Spanande og varierte arbeidsdagar med utfordringar med utfordringar som gir fagleg vekst.
Har du lyst til å vere med på denne reisa, og sikre at våre ferjer alltid er klare for oppdrag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Søk i dag og bli med på laget som driv ferjenæringa framover mot ei grønare framtid!
Kandidater blir vurdert fortløpende.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlige egenskaper:
- Teamorientert: Du har evna til samarbeid, og trivst med å arbeide tett saman med kollegaer over tid.
- Positiv haldning: Eit godt humør og evna til å takle utfordringar med eit smil er noko vi verdset høgt. Det bidrar til eit positivt og løysingsorientert miljø om bord.
- Kommunikasjonssterk: Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan formidle viktig informasjon på ein klar og tydeleg måte – både til mannskap og andre.
- Serviceinnstilt og fleksibel: Du er serviceinnstilt og er alltid klar til å ta fatt på nye utfordringar med ein fleksibel innstilling.
Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen!
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer.
- Gode velferdsordningar som legg til rette for balanse mellom jobb og fritid.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 2 veker av – 84 timar per veke, noko som gir deg god tid til både arbeid og fritid.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
20.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5108, HORDVIK
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873176Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 09.11.2024
-
Vil du jobbe med å knyte Noreg saman?
Fjord1 ASA
STÅRHEIM -
Er du klar til å lede vår ferjedrift mot en meir bærekrafteg framtid?
Fjord1 ASA
OS -
Vil du jobbe med å knyte Noreg saman?
Fjord1 ASA
LEVANGER -
Er du klar for å navigere oss over fjordane?
Fjord1 ASA
STÅRHEIM -
Maskinpassar i sambandet Askvoll-Gjervik-Fure
Fjord1 ASA
ASKVOLL