• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    18.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5108, HORDVIK
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5873176
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 04.12.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjord1 ASA

Maskinsjef - ansvar for reservefartøy.

Ferger

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vår målsetting er å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei spanande moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy i "gamle" Hordaland. For tida omfatter dette MF Sogn og MF Solskjel, med opplagskai på Steinestø ferjekai, nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil støtte driftande ferjer ved behov for akutt bytte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

 

Som maskinsjef på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din faglege kompetanse og erfaring. Her vil du bli ein del av eit dedikert team, som jobbar i fronten av den grøne omstillinga innan maritim transport.

 

Fordelar med stillinga:

  • Fast turnus: 2 veker på, og 2 veker av - 84 timar per veke.
  • God balanse mellom arbeid og fritid: Perfekt for deg som ynskjer å kombinere familieliv og karriere.
  • Spanande og varierte arbeidsdagar med utfordringar med utfordringar som gir fagleg vekst.

 

Har du lyst til å vere med på denne reisa, og sikre at våre ferjer alltid er klare for oppdrag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Søk i dag og bli med på laget som driv ferjenæringa framover mot ei grønare framtid!

 

Kandidater blir vurdert fortløpende.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef

Personlige egenskaper:

  • Teamorientert: Du har evna til samarbeid, og trivst med å arbeide tett saman med kollegaer over tid.
  • Positiv haldning: Eit godt humør og evna til å takle utfordringar med eit smil er noko vi verdset høgt. Det bidrar til eit positivt og løysingsorientert miljø om bord.
  • Kommunikasjonssterk: Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan formidle viktig informasjon på ein klar og tydeleg måte – både til mannskap og andre. 
  • Serviceinnstilt og fleksibel: Du er serviceinnstilt og er alltid klar til å ta fatt på nye utfordringar med ein fleksibel innstilling. 

 

Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen!

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer.
  • Gode velferdsordningar som legg til rette for balanse mellom jobb og fritid.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 2 veker av – 84 timar per veke, noko som gir deg god tid til både arbeid og fritid.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    18.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5108, HORDVIK
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5873176
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 04.12.2024