Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5993198Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Lønnskonsulent
Offentlig forvaltning
Ål kommune søkjer etter ein lønnskonsulent som kan vere med på å styrke laget vårt. I denne rolla vil du jobbe med kommunens lønnsarbeid saman med lønnsansvarleg. Hjå oss vil du bli del av eit dyktig og inkluderande fagmiljø, med HR-leiar som din nærmaste leiar. Vi leiter etter ein person som er klar for nye utfordringar og som kan vere med på å utvikle kommunen vår vidare!
Det er ein fordel om du har tidlegare erfaring frå offentleg sektor, men hjå oss vil du få grundig opplæring, og vi oppfordrer difor også nyutdanna til å søkje på stillinga!
Arbeidsoppgåver
- registrering og kontroll av lønnsdata i fagsystem
- lønnskøyringar og avstemmingar
- ajourhalde tilsetteopplysningar i HRM
- innrapportering av mellom anna pensjon, a-meldingar, skatt og arbeidsgjevaravgift og andre registre
- registrere fagforeining, påleggstrekk og andre trekk
- saksbehandling relatert til ansvarsområde og avslutte tilsette i lønns- og personalsystemet m.m.
- bidra til vidareutvikling av fagområdet, her under prosessforbetring, effektivisering og digitalisering
- delta i årsoppgjer
- rapportering til mellom anna KLP, PAI, KS og Statistisk Sentralbyrå
- rettleiing og rådgjeving på relevant regelverk
- bidra til eit godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane
- støtte kollegaer og bidra til utvikling av teamet
- andre oppgåver innafor fagområdet, avhengig av kommunen sitt behov
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning innan økonomi/administrasjon
- relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning eller praksis
- det er ein fordel om du har kjennskap til lov- og avtaleverk innafor lønnsområdet
- trivst med å rettleie brukarar med ulik forståing av lønnsfaget
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag
- service- og brukarorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre
- relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- du blir ein del av eit team med fagleg dyktige medarbeidarar
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning i KLP
- gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
- gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål kommune gjennom kurs og vidareutdanning
- Ål kommune deltek i eit samarbeid med Gol kommune og Hemsedal kommune.
Ein vil ha felles kontordag/-ar på Gol.
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5993198Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Pedagogisk leiar - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Vi søkjer etter teamleiar i miljøtenesta
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD