Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
12.01.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5990620Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Leiar vegforvaltning
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ta del i arbeidet med å forvalte og utvikle det kommunale vegnettet som bind Øygarden kommune saman? Vi søkjer ny einingsleiar for vegforvatning i Øygarden kommune. Vi leiter etter deg som kan leie tenesteområde, bidra til utvikling, nytenking og saman med dei tilsette utvikle avdelinga vidare.
Om eininga:Det kommunale vegnettet består av 220 km veg, gang- og sykkelveg, fortau, kaiar og bruer. Vegforvaltning har ansvar for kommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Dette inneberer varierte oppgåver knytt til handsaming av dispensasjonar frå byggjegrenser, avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Innspel til reguleringsplanar for å sikre gode kommunale vegar er ei viktig oppgåve. Avdelinga utfører også driftsoppgåver som grøfting, feiing, kantslått mm. Vintervedlikehald vert primært utført av underleverandørar. Større prosjekt vert utført av kommunens utbyggingsavdeling, like fullt i tett samarbeid med vegforvaltning.
Kommunes forvaltning av transporttenester ligg til vegforvaltning. Diverse transportbehov for oppvekst og Helse/velferd blir løyst i eigenregi.
Leiar vegforvatning vil inngå saman med 4 andre einingsleiarar (Eigedomsutvikling, Utbygging, Byggforvaltning og Reinhald), som rapporterer til eigedomssjef. Vegforvaltning består i dag av 20 tilsette og budsjett på omlag 60 MNOK..
Arbeidsoppgåver:- Leiing av vegforvaltning, inkludert personal, økonomi og fagansvar
- Forvaltning etter veglova
- Oppfølging av hamne- og farvasslova
- Ansvar for utarbeiding av planar for forvaltning, drift og vedlikehald
- Implementering av FDV-systemet frå Safe Control og Mlogg
- Ansvar for kommunal beredskap innan vintervedlikehald og handtering av akutte hendingar på vegnettet.
- Kontakt med innbyggjarar, leverandørar og media
- Samarbeide på tvers i organisasjonen kring saker som omhandlar avdelinga, samt vere ein leverandør av kompetanse internt.
- Politisk saksførebuing og presentasjon
- Kontraktsadministrasjon i samsvar med lov om offentlege anskaffingar
- Delta i regionale nettverk for fagområde og dele erfaring for tenesteområde
- Ivareta avdelinga sitt HMS-arbeid, samt utarbeide rutinar og prosedyrar i kommunens kvalitetssystem
- Forvaltning av kommunens transportteneste
- Ansvarleg for klima- og miljøvennleg drift og utvikling innan fagområdet, i tråd med gjeldande mål og strategiar (nasjonale, regionale, kommunale).
- Ansvar for kommunal overvasshandtering
- Høgare utdanning innafor relevant fagområde (teknisk fagskule, bachelor, master)
- Erfaring frå økonomi og budsjettarbeid
- Leiarerfaring
- Erfaring med drift og vedlikehald
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Erfaring med offentlege anskaffingar og kontraktsoppfølging av tenester innan fagfeltet
- Erfaring med FDV-system for veg
- Kompetanse og/eller erfaring innan overvatn
- Erfaring med mobilitet, særleg innan tilrettelegging av veg, gang og sykkelvegar.
- Leiareigenskapar
- Nytenkande og endringsvilling
- Ansvarsfull, analytisk, serviceinnstilt og med stor arbeidskapasitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Christian Alsaker, Einingsleiar Eigedomsforvaltning, mobil 99 11 34 16
Eigedomssjef Jarle Kvalvik, telf. 409 23 738
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
12.01.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5990620Se här för andra jobb från Øygarden kommune
-
Mekanikar/Driftsoperatør
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
2 helgestillingar i 15 % fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar vikariat 40 % over 2 år
Øygarden kommune
STRAUME -
Fleire stillingar som adjunkt/lektor frå 20% til 100% fast og vikariat
Øygarden kommune
RONG -
Rådgjevar/Jurist 100% fast innan lovbrotsoppfølging
Øygarden kommune
STRAUME