Company
Fjaler kommuneApplication deadline
22.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6516380Look here for other jobs from Fjaler kommune
Fjaler kommune
Leiar i Miljøtenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer etter ein engasjert og motivert leiar for miljøtenesta i 100 % fast stilling. Vi ser etter deg som har leiarerfaring, gjerne med helse eller pedagogisk utdanning.
Hos oss får du vere med på å vidareutvikle det eksisterande tilbodet og ta tenestene inn i framtida, med ny teknologi og endra behov hos innbyggjarane. Du vil leie dyktige medarbeidarar og har ei viktig rolle i å utvikle og ivareta eit godt arbeidsmiljø i eininga.
Leiar i miljøtenesta vil vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe, og samarbeide tett med teamleiar for miljøtenesta, dei andre tenesteområda innan helse og omsorg og med andre einingar i kommunen.
Som leiar i miljøtenesta vil du få ansvar for å vidareutvikle tenesta og sikre at brukarane får helsefremjande, rehabiliterande, førebyggjande og lindrande omsorgsfagleg bistand for å oppfylle den einskilde sine mål.
I di leiarrolle legg du til rette for god tenesteyting og kvalitetsutvikling. Saman med tilsette og teamleiar har du ansvar for å sikre gode og forsvarlege tenester til brukarane. Som leiar får du ansvar for drifta av tenesta, personalleiing, økonomiansvar og rapportering. Du arbeider for å gjennomføre vedtekne planar, samt har ansvar for turnusplanlegging og internkontroll saman med teamleiar.
Vi søkjer etter deg som har helse-, sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på minimum 3-årig høgskulenivå. Det er ynskjeleg at du har erfaring med leiing av medarbeidarar innan helse og/eller omsorg. Det vil vere eit fortrinn dersom du har kompetanse innan fagområda i miljøtenesta, men kompetanse innan leiing blir vektlagt.
Vi ser etter deg som har gode IKT-kunnskapar, gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg og som har førarkort klasse B. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
I rolla som leiar må du være god på kommunikasjon og samarbeid. Du er relasjonsbyggjande og inkluderande og oppteken av tverrfagleg samarbeid. I tillegg ynskjer vi at du er strukturert, fleksibel og tydeleg. Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
«Eg syns at det er utruleg kjekt å komme på jobb. Ein blir alltid møtt med eit smil og vi hjelper kvarandre for at vi skal ha det godt på jobb»
«Det er så motiverande å sjå kor dyktige dei eg jobbar saman med er med brukarane. Og korleis vi på ulikt vis kan finne fram til ei løysning, og så delar vi erfaringar»
«Det å vere ny i praksis og føle at ingenting er dumt å spørje om, er ein god følelse. Det bidreg til at ein lærer mykje meir og at ein blir meir motivert til å gjere ein god innsats» - sjukepleiarstudent.
Hjå oss vil du få interessante og faglege utfordringar og sjansen til å utvikle deg som leiar. Du vil få kurs i leiarutvikling og andre relevante kurs for stillinga. Du vil få leiarstøtte og delta i ei mentorordning. I denne stillinga får du ein meiningsfull arbeidskvardag og eit godt arbeidsmiljø. Du vil få løn etter utdanning, relevant erfaring og ansiennitet og vi har svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeid er på dagtid, med fri helg og høgtid.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du sender inn ein søknad. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
22.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6516380Look here for other jobs from Fjaler kommune
-
Trainee hos Nav Økonomiteneste: Økonomi/kommunikasjon/teknologi
Framtidsfylket AS
LEIKANGER -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Rektor
Ål Kommune
ÅL -
Fagansvarleg internkontroll og HMS, 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Trainee hos Tersan Havyard: KHMS
Framtidsfylket AS
LEIRVIK I SOGN