Ledig stilling

Surnadal kommune

Ledige vikariat og engasjement som tilkallingsvikar i skular og barnehagar

Brannvesen

I skulane og barnehagane i kommunen, har vi behov for søkarar som kan vere aktuelle for vikariat og engasjement. Vi har også behov for tilkallingsvikarar.

Vi ønskjer oss barnehagelærarar og undervisningspersonale, men også barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Stillingane er godt egna for deg som er i gang med pedagogisk eller anna relevant utdanning og kan tilpassast ein studiekvardag og gje verdifull praksis i studietida.

Oppveksteiningane våre:

  • Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, kontaktperson Arne Henning Johnsen, tlf 90564727
  • Surnadal barne- og ungdomsskule, kontaktperson Bjørn Høivik, tlf 95240739
  • Øye og Solbakken barnehage, kontaktperson Marit Sjøsæter, tlf 48169761
  • Mo oppvekstsenter, kontaktperson Marit Kristin Mikkelsen Søyseth, tlf 91567852
  • Miditgrenda barnehage, kontaktperson Signe Lill Aasland, tlf 91685076
  • Todalen og Stangvik oppvekstsenter, kontaktperson Gro Kvammen Sæter, tlf 92040465
  • Vaksenopplæring og integrering, kontaktperson Helga Moen, tlf 95706661

Skriv gjerne noko i søknaden om arbeidsoppgåver/avdeling/aldersgruppe som er aktuelt for deg.

 Vi kan tilby:

  • kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
  • studentavlønning for studier som er vurdert som relevant for arbeidet
  • opplæring og veiledning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

Vi gjennomfører samtalar med aktuelle søkarar. Attestar og vitnemål er aktuelt å ta med til samtale.