• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    10.05.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6597902
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Ledigt jobb

Fjaler kommune

Ledige stillingar som barnehagelærarar i Yksnebjør barnehage – bli med på laget vårt!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du eit varmt hjarte for barn, og ønskjer å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

I Yksnebjør barnehage har vi no ledig:

  • Ei fast stilling i 100 % som barnehagelærar frå 01. august 2026
  • Eit vikariat i 100 % stilling som barnehagelærar frå 17. august 2026 til 17. august 2027, med mogelegheit for forlenging

Hjå oss blir du ein viktig del av eit engasjert fagmiljø der vi saman jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.

Kvalifikasjonar:
  • Pedagogisk utdanning som barnehagelærar (anna treårig pedagogisk utdanning kan også vurderast).
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Godkjend politiattest må leggast fram før tiltreding.

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og gjennomføre pedagogisk arbeid på avdelinga.
  • Ha tett og godt samarbeid med føresette.
  • Medansvar for eit trygt og inspirerande leike- og læringsmiljø.
  • Vere ein aktiv deltakar i kollegiet.
  • Pedagogisk dokumentasjon av arbeidet.
  • Bidra til ein god refleksjons- og attendemeldingskultur.

Personlege eigenskapar
  • Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med barn og vaksne.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Løysingsorientert i ein aktiv kvardag.
  • Stabilt godt humør og stå-på-vilje.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
  • Ein variert, meiningsfull og kjekk kvardag.
  • Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande og dyktige kollegaer.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Givande dagar saman med flotte barn.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om stillinga.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    10.05.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6597902
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune