Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
25.03.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6557724Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Fjaler kommune
Ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar, med fortida arbeidsstad i heimetenesta. Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe i eit godt arbeidsmiljø saman med fagleg dyktige kollegaer for å yte gode teneste til våre brukarar. Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling/kreft, velferdsteknologi og demens.
Vi er interessert i å finne gode løysningar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Vi ser etter deg som deler denne interessa og som ønskjer å bli ein del av vårt team.
Vi har årsturnus og legg mykje arbeid i å lage ein turnus som gir god jobb/familie- balanse. Som tilsett hjå oss vil du ta del i todelt eller tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars.
Som sjukepleiar hos oss vil du kunne vere med å bidra til auka kompetanse blant din medarbeidarar. Vi er opne for vidareutdanning om det er eit ynskje. Sjukepleiarar kan og bli spurt om særskilte oppgåver gjennom året, dette kan vere blant anna vaksinering, noko ein ynskjer fordjuping i, og andre utfordringar.
Frå mars 2026 skal heimetenesta, ilag med miljøtenesta, ha oppstart med TØRN gjennom KS. Dette er eit prosjekt som skal gå i 1,5 år der vi skal sjå på arbeidsoppgåvedeling, arbeidstidsordningar og korleis vi skal vere best mogeleg rusta for framtida.
- Delta i det daglege arbeidet slik at eininga sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte. Dette inneber blant anna; stell, tilsyn, sår stell, ernæring, rehabilitering, medikamenthandtering , multidosehantering, kartleggingsbesøk, legemøter og terminalpleie i heim.
- Jobbe kunnskapsbasert for å sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar.
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane.
- Bidra til auka fagleg utvikling.
- eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegar
- introduksjonsprogram for nytilsette
- ein variert og kjekk kvardag
- løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- alltid på topp tillegg for sjukepleiarar i turnus kr 35 000
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kurs og etterutdanning innan satsingsområde
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som sjukepleiar
- førarkort klasse B
- god norsk munnleg og skriftleg framstilling
- den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest for tiltreding
- sjukepleiestudentar ferdig sommar 2026 kan og søkje
- god på kommunikasjon og samarbeid
- sjølvstendig
- fleksibel og evne til å arbeide løysningsorientert
- engasjement for eldreomsorg
- godt humør i ein travel kvardag
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunkt er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
25.03.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6557724Se här för andra jobb från Fjaler kommune
-
Sjukepleiar/vernepleiar, dagtid sommar 2026
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vernepleiar/ sjukepleiar 100 % vikariat
Øygarden kommune
RONG -
Sjukepleiar/vernepleiar, Prestahagen
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiar i Heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Ferievikarar bu-og miljøtenesta, sone Balestrand
Sogndal kommune
BALESTRAND