Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
04.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6030124Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Lærarstillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Flatene skule er Halbrend krins sin skule for første til og med femte årssteg. Skulen ligg sentralt til i Førde og har gode bygg og eit godt skuleområde som er tilpassa aldersgruppa. Det er 230 elevar ved skulen og kring 45 tilsette.
Skulen har no ledig inntil 200 % mellombels stilling som lærar fram til 31.07.25.
Dersom du ikkje har høve til å arbeide i 100% stilling, kan skulen tilpasse stillingsprosenten etter ynskje.
Søkar bør:
- ha godkjent lærarutdanning for 1. til 7. trinn
- vere ein tydeleg og strukturert klasseleiar
- kunne tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- ha gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Andre søkarar kan bli vurdert som aktuelle for stillingane, dersom dei kan vise til anna relevant kompetanse og erfaring.
Vi søker deg som:
- er engasjert og har gode samarbeidsevner
- har lyst til å utvikle deg og skulen vidare
- er ein god klasseleiar og ein god kollega
- evner å sjå eleven og utvikle eit godt klasse/skulemiljø
- deltek aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap
- legg til rette for eit godt samarbeid med foreldre
Skulen har òg behov for fleire tilkallingsvikarar. Dersom du ynskjer å arbeide som tilkallingsvikar i skulen eller SFO, ber vi deg ta kontakt med: rektor Elias Tvedt: elias.tvedt@sunnfjord.kommune.no eller assisterande rektor Henrik Myklebust: Henrik.Myklebust@sunnfjord.kommune.no
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev politiattest av ny dato før start i stilling.
Du finn meir informasjon om skulen på Sunnfjord kommune sine nettsider.
Du søker elektronisk. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.
Velkommen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
04.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6030124Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune