• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    03.03.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6040904
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Lærarar for faste stillingar og vikariat skuleåret 2025-2026

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol skule er ein topp moderne 1-10 skule som var ny hausten 2016. Skulen har i underkant av 500 elevar. Det er 95 tilsette,
av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget.
Skulen er leia av rektor, avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn.

Gol skule arbeider etter ein kvalitetsplan der visjonen er «Alle skal med». Vi er ein lærande organisasjon og satsar på tilsette med høg relasjonskompetane og ein inkluderande praksis.

Vi søkjer:
• Lærarar for faste stillingar og vikariat skuleåret 2025-2026 med undervisningskompetanse innanfor:
     • Begynnaropplæring
     • Norsk på ungdomstrinnet
     • Realfag på ungdomstrinnet
     • Spesialpedagogikk
     • Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar
     • Norsk og matematikk på mellomtrinnet

Kvalifikasjonskrav:
• Grunnskulelærar med formell kompetanse etter kap 17 i opplæringslova i faga norsk, matematikk og engelsk
• Lærarar med kompetanse innanfor spesialundervisning
• Lærarar med annan undervisningskompetanse som grunnleggjande lese- og skriveopplæring og begynnaropplæring.

Vi ynskjer at du:
• Kan begeistre og motivere elevar, kollegaer og foreldre, slik at elevane får betre fagleg og sosial framgang
• Meistrar klasseleiing og har evner til å skape gode relasjonar med barn og unge.
• Har fokus på elevane si læring, og arbeider målretta og sjølvstendig
• Er fleksibel og har evne til samarbeid med kollegaer
• Kan dele med, og vil lære av andre
• Er aktivt med i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
• Er positiv og har godt humør
• Har god evne til skriftleg og munnleg framstilling. I Gol kommune nyttar vi nynorsk som opplæringsmål.

Vi tilbyr:
• Ein skule der elevar trivst
• Eit utviklingsorientert fagmiljø
• Eit godt arbeidsmiljø
• Eit spennande og funksjonelt skulebygg
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (Goliat)

For stillinga gjeld:

• Kommunale løns- og arbeidsvilkår

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Ansiennitet blir rekna av godkjente kopiar av vitnemål og attestar.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    03.03.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6040904
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune