• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    03.04.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5645953
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 19.03.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Lærar i vaksenopplæringa 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 1. august 2024 har vi ledig ei 100 % fast stilling som lærar ved vaksenopplæringa for framandspråklege.

Vaksenopplæringa underviser i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og skal frå hausten av også tilby grunnskule for vaksne etter opplæringslova.  Vi held til i lokala til den tidlegare ungdomsskulen i Dale.

Vi har  for tida 36 elevar i vaksenopplæringa og ventar fleire til hausten. I dag har vi ca 2,8 lærarstillingar og vil med dette utvide lærarstaben med ei stilling. Hovudarbeidsområdet for stillinga er tenkt lagt til grunnskuleopplæringa.

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inneheld undervisning av vaksne på grunnskulen sitt område etter læreplanar for førebuande opplæring for vaksne.

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar eller andre med godkjend pedagogisk utdanning.
  • Undervisningskompetanse i norsk
  • Studiar knytt til norsk for framandspråklege er ein fordel
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før oppstart i stillinga
 Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Kan arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å skape trygge og gode relasjonar til elevane
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane

Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon.Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    03.04.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5645953
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 19.03.2024